Sv: Grove pitabrød m/salat og fiskepinner
Det er vel strengt tatt nokså lite fisk, og veldig mykje fett (frityrsteikt), men eg syns det må vere heilt greit i ny og ne, og fint for barn som ikkje et annan fisk.
Der er jo også stor forskjell på fiskepinnar - enkelte syns eg verkar betre, utan at eg har samanlikna varedeklarasjonen. Kanskje er det forskjellar på kva olje som er brukt også. Sånne større bitar med panerte fiskestykker er jo enda betre da - meir fisk
Vi kan ikkje bruke fiskepinnar på grunn av allergi, men lagar nokre veldig gode sjølv. Dei må i alle fall kallast sunne, og ungane mine et enorme mengder fisk når dette er servert.
|