Ny fryseboks + forsikringsspørsmål
Fryseboksen vår tok kvelden for eit par dagar sidan. Me har kasta 12-14 bæreposar med mat. Einaste som lot seg redde var faktisk kyllingfilét og karbonadedeig og sånt. Dvs. det var iallfall ikkje tint, så eg reknar med det er ok å ete.
Min far meinte det var ei forsikringssak. Eg tenker at når fryseboksen er tjue år gamal (ja, arvegods), så er det litt sånn ein kan forvente. Men verdt å prøve, kanskje?
Men så til hovudsaka; me må ha ny fryseboks. Kva bør ein fryseboks ha av finessar? Eller er det berre storleiken og energiklasse som er ulikt? Ja, og så pris, sjølvsagt.
__________________
Bergensis
|