Sv: Vaskerom og klesoppbevaring
Vi har inngong rett inn på vaskerommet, og har ikkje hatt noko problem med at reine klær vert skitne. Det kjem vel i grunn ann på kor stort vaskerom ein har, og om ein har mogeleghet for knagger rett ved døra t.d.
Vi har egentleg ikkje så stort vaskerom, men har knagger til dresser, regnklær osv. Borna får enten hjelp når dei kjem inn, eller kler av seg rett innanfor døra. Vi har vegghengt tørkestativ som heng over hovudet på oss, samt eit etasjestativ rett under.
Eg vil helst ikkje ha skitne ungar inn ytterdøra, då det vert så mykje sand og skit på gulvet som dras inn i resten av huset.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|