Sv: Skolejulegudstjeneste?
Eg er på linje med Blå. Mine barn veit godt at vi ikkje trur på gud, og vi har snakka mykje om det. Dei har også fått vite at dei kan tru på gud og det som Jesus sa, om dei vil. Og at bestemor trur på det. Eg skal likevel innrømme at eg har eit svært anstrengt forhold til kristendom, og eg har enno ikkje funne heilt ut av korleis eg skal takle og handtere alt det kristne som snik seg inn i skulen. Mine barn får velge om dei skal vere med. Jenta var med i fjor, og vil ikkje i år, for det var "dødskjedelig" . Eg føler meg veldig tolerant når eg nesten prøver å overtale henne til å gå, fordi alle veninnene skal, og kanskje vil ho angre på det seinare. Eg vil anta det er 3-4 barn som ikkje deltar i kyrkja.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|