Sv: Om det å bruke rase for å beskrive et annet menneske...
Eg tenker at "asiatisk utseende" er av same karakter som "han med nordlandsdialekt" eller "ho bergenseren", dersom det er ein del av ei nøytral skildring av ein person, medan "det var ein utlending" med megetsigende trykk på utlending kan vere langt verre. Eg tenker det i stor grad kjem an på tonefallet og ordvalet. Det er forskjell på å seie "ho feite" og "ei litt kraftig ei", når du skal forklare kven nokon er, også.
|