Vis enkelt innlegg
Gammel 02-01-12, 01:50   #1
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.675
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

2011 - kva vil vi hugse?

Eg har akkurat sett på reprisen av NRK si 2011-kavalkade, og blei sittande å tenke på kva det er vi kjem til å hugse frå året som har gått. Ein kollega, som er historielærar, sa til elevane sine at dei måtte følgje med på den arabiske våren, og opprøra i Tunisia og Egypt fordi "dette er vårt 1989". Eg satt på eit hotellrom i Dubai då uroa spreidde seg til Baharain, og eg tenkte på at eg kunne nok med fordel vore på ein tryggare plass, i vinterferien, som heime i vesle Oslo. Den arabiske verda er i endring, terrorfrykta aukar, og så skjer plutseleg det grusomme og utenkelige, her heime, ein heilt vanleg fredag i juli. Ein norsk mann tar livet av alt for mange ungdommar og framtidige politikarar. Vi må sjå foreldre som arrangerer gravferd for ungane sine, og vi går rundt i Oslo og ser væpna politi i gatene. Vesle Oslo er ikkje lenger den tryggeste plassen i verda.

Eg blir sittande å tenke. Er det dette eg vil komme til å hugse frå 2011, eller er det dei to flotte ferieturane eg hadde saman med mannen min, vennskapa som utvikla seg og blei nærare og sterkare gjennom året og dei gode gjensyna med gamle venner eg vil hugse? Kva er det som er viktigast?

Eg vil nok aldri gløyme 22. juli og tida etter. Eg trur verdbiletet mitt endra seg den dagen. Eg vil heller aldri gløyme ferieturane og vennskapa.

Kva vil du hugse, frå 2011?

nokon er ikke aktiv   Svar med sitat