Vis enkelt innlegg
Gammel 29-01-12, 10:32   #5
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Robotstøvsuger - noen med fersk erfaring?

Eg har Samsung sin. Eg er veldig glad i den!

Den er jo ikkje det same som ein vanlig støvsugar, men dog. Her er pros og cons:

Pro:
Den tar seg gladelig ein tralterunde og fjernar smular og kaniner. Det ser betre ut på golva rett og slett.
Min tar bilde av taket før han drar på tur, slik at han veit korleis rommet ser ut.
Han lagar ingen merker på møbler -er ein forsikitg kar når han dunkar borti ting. Da prøver han i staden å komme seg rundt, og det fungerer som regel.
Smyg seg under ein del ting, f.eks kommodar.
Den tuslar tilbake til ladestasjonen når han har vore ein runde
Ikkje ekkel å tømme - noko eg frykta
Kjem seg greit over teppekantar og dørstokkar
Stoppar på trappekantar
Super på kattesand - kan stille inn slik at han berre gjer reint i ein radius på 1,5 meter.
Herlig å starte ein rydderunde ved å svinge robo i gang medan ein sjølv ryddar.
Perfekt for panikk-runden når tante ringer og kjem om 10 minutt
Er søt
Er spennande for katten

Cons
Om det skal bli litt meir grundig enn veldig overflatisk, så må ein rydde.
Viklar seg lett inn i ledningar, så her må ein surre dei opp /løfte dei bort før han kjører ein runde.
Erstattar ikkje ein vanlig støvsugar (men held det litt finare mellom vanlig støvsuging)
Det hender han blir forvirra av mykje møbler, og rotar seg fortvila bort i eit hjørne
Tar det meste, også legobitar
Kjem ikkje til under spisebord om stolane står på golvet (blir ståande og dunke). Så dei må ein løfte opp for at han skal komme til smulane.
Er overflatisk (så klart). Kjem ikkje til i smale sprekket, bak korga, etc. Der blir det støvete okke som.
Støy, men ikkje meir enn ein vanleg støvsugar. Men dumt når ein svinger den i gang, og egentlig ville ha sett TV...

Ein litt sånn "hightec" video:


(Kilde:


(Kilde: youtube.com)
)

__________________
Jente 2003 og gut 2005

Sist redigert av Syrin : 29-01-12 kl 10:43.
Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat