Vis enkelt innlegg
Gammel 29-01-12, 20:19   #1
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Innredning i Kvik sine høgskap (kjøkken)

Eg irriterer meg over at eg ikkje finn meir info om innmaten i Kvik sine høgskap. Vi vurderer å kjøpe fire høgskap her til planlagt kjøkken i nytt hus. Resten av innreiinga blir frå IKEA. Ønsker Kvik på høgskapa som står på ein eigen vegg, fordi eg ønsker andre frontar på nettopp desse skapa (bryte litt mot alt det kvite elles).

Men altså, eg har vore hos Kvik. Høgskapa der hadde faste hyller, som ikkje er aktuelt. Unntaket var eit skap der hyllene fulgte med skapet når ein opna det (ikkje sånn uttrekkskap frå IKEA altså), men vi likte i grunn ikkje dette. Derimot likar vi veldig godt IKEA sine uttrekkbare hyller. Ikkje pene, men veldig praktiske. Dersom Kvik ikkje har noko liknande blir det IKEA over det heile trur eg...

Kan jo sjekke hos Designa også som er i nærheten, men veit ikkje om eg orkar å ta runden til alle kjøkkenforhandlarar på grunn av dette.. nokon som har innredning i høgskap som dei er veldig fornøgd med?

Og er det nokon som veit om det er "godt nok" å få lakkert vanlige kvite skapdører frå IKEA hos ein billakkerer? Har høyrt at det går an, men litt skeptisk til holdbarheten. Ønsker meg kontrastfarge (eller treverk), mot kvit høgglans som er på resten av kjøkkenet.

__________________
Jente 2003 og gut 2005
Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat