Bad: vinyl og plater? (epoxy?) Erfaring?
Vi er veldig i tvil.
Utgangspunktet er at vi faktisk ikkje likar flis her i heimen. Joda, det er veldig fint altså, men eg klarer liksom ikkje heilt å slå meg til ro med det.
Når det i tillegg totalt sett, blir dyrare enn baderomsplater og vinyl (som er vanntett og utan fuger), så blir eg enda meir usikker. Fliser tar jo lengre tid også. Uansett kva vi velger blir det lagt at fagfolk. Flisearbeidet vil ta tid og koste ein del arbeidspengar, plater og vinyl er raskt gjort etter kva eg forstår.
Eg har sjekka epoxy til golv. Det er kjempefint, kostar 600 per kvm, men ikkje godkjent etter våtromsnormen, fordi produsentane ikkje har gidda å søke godkjenning (det kostar hundre tusener å få slikt stempel). Dette er jo i første rekke retta mot industrien der dei ikkje treng slike papir. Dette er jo tett og solid, men KAN få litt skjønnhetsfeil/skjolder om den som legg det (fagfolk hos oss), er litt uheldig.
Vinyl, ah, eg syns det er så fint! Det ville også passe i huset vi bygger, litt sånn halvmoderne, funkisaktig sak. Knottevinyl f.eks. Men korleis er egentlig dette inn mot sluk, f.eks inn i ein dusj? For vi skal jo ikkje ha dusjkabinett... Litt skeptisk til den komboen.
Såg på alloc sine baderomsplater i dag, og blei veldig begeistra for denne under. Og ja, det er flis-look-alike. Kostar vel 800 for ei plate, men raskt satt opp og treng ingen membran. Vi har også sett på veggfliser, og konkludert at vi har ein billig smak, ca. 100 per kvm tenker eg, men så kjem jo alt arbeidet i tillegg, pluss lim og membran og alt mulig.
Forventar ikkje krystallklare svar - mulighens blir ein berre meir forvirra, men finst der nokon der ute som lever i herlig sameksistens med sine baderomsplater og vinylbelegg? For muraren vår trur at vi er heilt kokko som faktisk vurderer å trekke ut heile filiseleveransen. Folk bygger da ikkje nye hus og legg baderomsplater???
(ps. vi treng å spare pengar. Eg har lyst på dyyyyr platetopp)

__________________
Jente 2003 og gut 2005
|