Vis enkelt innlegg
Gammel 04-02-12, 22:37   #10
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: Hvit vaskehjelp i Trondheim

Vi har City Maid, og eg er ikkje spesielt nøgd med dei. Omtrent annakvar gong har det vore ting eg har lurt på å klage på - ikkje store ting, men småting som at badekaret ikkje er reint, veggen over badekaret/dusjen blir ikkje vaska, det er støv att i hjørnene på trappetrinna osv, og eg er ikkje nøgd med støvtørkinga. Sånt eg ikkje nødvendigvis hadde gjort betre sjølv om det var snakk om ein kattevask, men som eg absolutt hadde tatt om eg tok meg tid til ein grundigare vask, og som eg forventer at er med når eit firma bruker to timar på å vaske huset vårt.

Men i det minste er det sort sett reinare enn når det ikkje blir vaska, så sånn sett er det verdt det.

Denne gongen var det skjolder etter skitten mopp på heile stuegolvet (sjølv Mannen reagerte), og sanitærporselenet såg ut til å ha vore tørka med ei skitten fille som loet. Eg har sendt klagemail og kjem til å trekke frå nokre hundrelappar på fakturaen (og si frå om det, sjølvsagt) om dei ikkje kjem innom og vasker stua på nytt (badet måtte eg ta sjølv, orka ikkje ha det sånn).

Vi prøvde eit lite firma først, desse dukka plutseleg ikkje opp til avtalt tid, og svarte ikkje på mail, sms eller telefon. Eg var glad eg ikkje hadde rukke gi dei nøkkel.

Viss nokon veit av betre alternativ så fortell meg om det! Tar gjerne papirarbeidet for å gjere det kvitt sjølv.

naima er ikke aktiv   Svar med sitat