Sv: Kasting av mat
Problemet med du skisserer indie, er at det krever mykje av personalet både i tid og anna. For eksempel mjølk, så måtte ein hatt fleire hyller bortover med mjølk der kvar rekke representerte ulike datoar. Både plass og tidkrevjande. For det er ikkje alle som vil kjøpa mjølk som går ut på dato om to dagar. Ein del vil kun ha mjølk som har ei god veke i holdbarheit.
Når det gjeld kasting av maten, så er det som regel vanlege bossspann det blir kasta i. Dei færraste tenkjer vel på at andre kan gå å rote i bosspanna deira. Men, dersom trenden fortsetter og folk blir sjuke av det dei finner så kjem det kanskje lovendringar der og ? Hengelås på bosspanna er vel det mest vanlege rundtom no, dersom dei har sikra dei. Eller at spanna blir låst inne om natta.
Eventuelt så må ein tilbake til gamle vanar. Der dei som trakk produkt tilbake, måtte komme å hente dei igjen og. Dette har mange gått vekk frå, sidan det berre blir kasta uansett, så det er det same kven som gjer det.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|