Dette er til huset vi bygger. Det blir eit godt og stort kjøkken der alle benkeskap og overskap blir i kvit høgglans frå IKEA. Den raude fargen over benken er tilfeldig valgt her altså. Spørsmålet gjeld dei fire høgskapa som vi må kjøpe frå nokon andre enn IKEA. Grunnen er at vi har bestilt kvitevarer på anna hold, og kombiskapet passar ikkje med IKEA. Så da har vi valgt Norema i staden. Eg blei veldig verliebt i Strand Hvit frå Norema, som nesten er umulig å vise fram, fordøra er knapt synlig på nett. Men dette er ei dør med lys trestruktur, ser ut som kvitlasert treverk med liggande årringar. Matt, og sikkert ein fin kontrast til høgglansen. Men mannen er ikkje begeistra. Han ville mykje heller ha Strand Svart, som er mørk brun (ikkje svart altså). Eg blei ganske så i tvil nå, og ser til mi forundring at det mørke faktisk ser ok ut også. Kvitevarene vi har valgt er svarte. Og har kanskje mannen rett i at det er mykje betre å velge ein skikkelig kontrast mot alt det kvite i kjøkkenet? Det er eit stort kjøkken med møne opp og overlys, så her blir nok av lys og luft. Så altså:lyst eller mørkt? Lys variant: Mørk variant: Edit: Det beste som var mulig å finne på nett, her er Strand Hvit og Strand Svart