Sv: Jentefesten
Eg er einig i at 1-åringer er små, og når eg ein gong har ein 1-åring, vil eg sjå på det som eit privilegium å kunne velje at barnet skal vere saman med ein trygg voksenperson framføre ei gruppe vilkårlege pedagogar og ufaglærte assistentar (eg underviser på barne-og ungdomsarbeidarfag, og er tidvis kritisk til lærlingar si kompetanse). Men det er ikkje gitt at det er eg og ikkje mannen som skal gi ungen dette privilegiet. Og dersom vi ser at jobbsituasjon og økonomi tillater at ein av oss er heime eller jobber redusert, trur ikkje det er best for nokon at ikkje vi finn ordningar som forsikrer den av oss som eventuelt ikkje jobber, for eksempel slik Luftslottet skisserer.
Eg reagerer ikkje på foreldre som ønsker å redusere tida barnet har i barnehagen. Eg reagerer på kvinner som er heime med ei den-tid-den-sorg-haldning til det å vere ute av yrkeslivet.
|