Hjelp meg med jenterom - jenta sine ønsker kontra våre ønsker
Vi skal snart velge kva fargar vi skal bruke i huset vi bygger. Jenta (8) sitt rom er nokså stort og fint; eine kortveggen har har vindu frå golv til tak og hjørne til hjørne. Lyst altså.
Utgangspunktet for oss vaksne er nøytrale fargar - noko lyst. På golvet kjem det kvitmattlakka eikeparkett.
Jenta vil helst ha grønt flossete vegg-til-vegg teppe (det skal vere "gras"), blått tak, blå vegger på den øverste halvdelen av veggen ("himmel"), og så skal nederste halvdelen av veggen vere grøn ("gras"). Så skal det malast på strå åff kårs, i skillet mellom grønt og blått. Og blomar.
Forstår jo at ho syns dette er fint, men kjenner at dette kan bli veldig urolig, og veldig mykje jobb. Brystningspanel-malte vegger har eg også litt problem med, men her burde eg vel strengt tatt skygge banen og tenke at jenta må få bestemme?
Når det gjeld teppe på golvet utgår det av prinsipp, men heldigvis er ho veldig fornøgd med at vi planlegg å kjøpe eit grønt flossy laust golvteppe frå IKEA. Men da lurer eg på om de har forslag til resten? Kan det kanskje finnast ein tapet som vi kan bruke, i eit felt over senga f.eks? (og så får dei andre veggene vere kvite). Eg er i grunn kun ute etter nokre forslag på korleis vi kan få til eit litt meir nøytralt rom, men som følger litt av dei ønskene ho har....
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|