Sv: La være å handle i butikk på grunn av navnet?
Eg er også av typen som er fornøgd med å gjere eit godt kjøp. Eg går gjerne innom Europris eller Nille for å kjøpe stearinlys og er strålande fornøgd fordi eg fann kost og feiebrett til 79,90 i tillegg.
Men når det gjeld sko er eg meir kvalitetsbevisst av to grunnar. For det første har eg breide føter, og sko må gås ut. Dermed nytter det ikkje med sko i syntetisk plastaktig skinnetterlikning, fordi desse utvidar seg ikkje. I tillegg er eg veldig avhengig av gode sålar. Eg foretrekk å ha sko som matcher antrekket, men har eit par joggesko ståande under skrivebordet på jobb, og bytter gjerne sko fleire gonger til dagen. Dersom eg går for langt på flate, harde sålar, enten dei er frå converse eller din sko, verkar beina mine i fleire dagar etterpå. Derfor er eg kresen på sko, ikkje på merke, men på kvalitet på såle og materiale. Mi erfaring er at eg sjeldan finn sinnsko eller tøysko med gode sålar på Økonomisko og DinSko. Så eg har slutta å gå innom å kikke, før eg går vidare til dyrare skobutikkar.
|