Sv: Folk som ikke liker dyr ...
Eg skjønner at dyr kan sjå søte ut på bilder, men der stopper min empati. Eg liker ikkje å gå på besøk til folk som har siklande hunder som legg hovudet i fanget mitt og forventer kos. Og viss det er ti voksne som sitt rundt eit bord og prøver å få kontakt med katta, kan du vere sikker på at det er mine bein han gnir seg opp etter. Og ja - eg blir sur når eg har sagt ja til å vere barnevakt ei heil helg og det viser seg at det følgjer to katter med desse ungane.
For min del botner det at eg ikkje liker å måtte ta på dyr (særleg viss dei siklar) i ein episode kor eg blei veldig redd ein nabohund då eg var 4-5 år gammal. Eg veit ikkje om eg er direkte redd, men eg liker ikkje å måtte ta på dyr. Og eg går to steg bakover når hunden din kjem logrande mot meg og vil "helse". Men eg er voksen nok nå, til at eg har slutta å uttrykke eit "ååååh!", eller liknande, når hunden kjem. Det verste eg veit er hundeeigarar som seier "Han er ikkje farleg". Eg veit jo det, rasjonelt sett, men eg liker ikkje dyr og eg liker endå mindre at folk prøver å tvinge meg til å ta på dei.
|