Vis enkelt innlegg
Gammel 30-05-12, 13:28   #202
Darth
En, av to-tre
 
Darth sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2011
Innlegg: 5.140
Darth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt av
Standard

Sv: Spinoff: "Utdanning skal lønne seg". Eller?

Opprinnelig lagt inn av bai, her.

Sjølv synest eg det burde vere større forskjell på ulike fagområde. Som norsklærar med 90 elevar i norsk, må eg rette 360 stilar i halvåret, for å ha vurderingsgrunnlag i begge målformer. Då får kvar elev to vurderinger i kvar målform, noko både eg og del synest er i minste laget. Ein kroppsøvingslærar har alt vurderingsarbeidet i undervisningstida. Det burde vore større forskjell på undervisningstimar for dei to faggruppene. Men mi lønn er konkurransedyktig samanlikna med andre bransjar eg kan få jobb som litteraturvitar. Eg treng ikkje høgare lønn. Ein person med djubdekompetanse i matematematikk og informatikk derimot, kan få tre gonger så høg timelønn i det private, som i skulen. Gode realfagslærarar må vere idealistar for å ønske seg jobb i skulen. For dette fagområdet er ikkje lønna konkurransedyktig. Eg trur at dersom vi lærarar som samla gruppe, hadde akseptert at vi har ulik kompetanse og arbeidsoppgåver som i ulik grad tar tid, innafor dei ulike fagområde og at differensiering i lønn og arbeidstid er eit verkemiddel som kan brukast for å få dyktigefagfolk til å jobbe i skulen, ville mange av konfliktane vore løyste.

Likevel så er vi der at ein, i alle høve i mitt distrikt, har større mangel på norsklærarar med formell kompetanse enn realfagslærarar.

Å spele lærargrupper ut mot kvarandre har vore ein ynda lærargesjeft lenge - og ofte går det ut over kroppsøvingslærarane som ganske riktig har lita rettebyrde. I mitt hovud er det fullstendig feilslått taktikk, og dei norsklærarane som er så misunnelege på gymlæraren kan jo ta seg eit år med berre gym - så får dei i alle fall øvd opp konfliktløysingskompetansen, og dei får sjekka om dei tåler lyd utan å gå fullstendig frå konseptene.

Darth er ikke aktiv   Svar med sitat