Sv: Lærling med 400 000,- i startlønn
Opprinnelig lagt inn av Polyanna, her.
Les statistikken til Adrienne og slutt med sytingen.
Fader, altså, så lei jeg er av folk som har valgt seg et yrke med åpne øyne (mens lønnen var adskillig lavere enn i dag), som tar goder som betalt ammefri, lån i SPK, osv. for gitt, tror at de er de eneste på planeten som jobber ubetalt overtid og har jobber andre ikke gjør for dem om de er borte, som velger seg hinsides og sjeldne eksempler å sammenligne seg med, og som SYTER.
Hilsen trøtt Polyanna, som var på jobb til fem natt til i dag, og har jobbet siden 9 i dag og ikke er ferdig med det første.
I alle dager...
Eg har vald jobb (til tross for skremsler om at eg har gjort eit lite lønnsomt val), fordi eg synest det er ein viktig jobb. Eg er flink til å formidle fag, og eg trivst med å jobbe med ungdommar. Eg veit at arbeidstid ikkje står i forhold til lønn og eg veit at eg har åtte veker sommerferie som avspassering for mykje av overtidsarbeidet eg gjer.
Likevel, fordi eg synest denne jobben er viktig, og fordi eg synest det er viktig å få inn kompetente folk som vel denne utdanninga, og ikkje minst, fordi eg har lyst til å fortsette å ha overskot til å gjere denne jobben, til tross for ubetalt overtid, synest eg også at det er viktig å kjempe for betre vilkår.
Det at eg synest vi fortener betre vilkår, betyr ikkje at eg trur at lærarar, sjukepleiarar og førskulelærarar er dei einaste som ikkje blir verdsett for den jobben dei gjer. Eg trur heller ikkje eg er den einaste som jobber ubetalt overtid. Eg synest bare det er viktig å synleggjere problemstillinga, i og med at nærmare 30% av dei som har same kompetansen som meg, søker seg vekk frå skulen etter relativt kort tid i arbeidslivet.
|