Sv: "Fellesdusjar er brot på menneskerettane"
Men det eg ikkje skjønner er dette med kven som har ansvaret i slike sakar. Dersom ein les saken i Stavanger Aftenblad, er argumentasjonen at rektor kan bli stilt ansvarleg for brot på den paragrafen som omhandler vern om privatliv. Ikkje dei idiotane av nokre medelever, som måtte finne på å filme nokon i dusjen og legge ut på facebook, nei. Men rektor. Mobbing og trakassering i ein eller annan variant er alltid mogleg. Og skulen skal sjølvsagt ha tiltaksplanar og kurse lærarar i gode måtar å både forebygge og avsløre mobbing. Men dersom ein skal avskaffe alle arenaer kor det eventuelt kan forekomme mobbing, fordi dersom dette skjer... osv. så er det ikkje mykje rom igjen for å drive skule.
|