Redebygging: Kva _treng_ ein til første barn?
Eg blir heilt svimmel av å forsøke å lese om utstyr på gravideforum og i bloggar. Eg har inntrykk av at folk her inne er litt meir jordnære, så eg forsøker å spørre her heller:
Kva treng ein til første barn?
Eg tenker at dette er viktig å ha i hus i god tid før termin:
- Stellebord (har arva).
- Sprinkelseng (ønsker meg Stokke-senga, er den god, eller ser ho bare fin ut? Denne bør kunne kjøpast brukt), madrass og sengetøy.
- Bilstol (bør kjøpast ny av sikkerheitshensyn).
- Vogn (får av foreldre)
- Litt tøy og nokre klutar (bodyar, strømpebukser. Kor mykje?)
- Tøybleier (kor mykje?)
Er det andre ting det er viktig å ha i hus før termin? Det er mykje som ser kjekt ut, men det er jo ikkje noko poeng å kaste seg på eit heilt avsindig kjøpekalas, før ein ser kva ein faktisk treng.
|