Vis enkelt innlegg
Gammel 06-06-12, 22:14   #71
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: Redebygging: Kva _treng_ ein til første barn?

Eg ville satsa på basis-utstyr som om du IKKJE kunne handle dei første to vekene. Dvs at seng, vogn, bilstol, stellebord m/ stellematte, bleier, klutar og klær er i hus.

Flasker, stelleprodukt, bleiebøtte, badebalje, vugger, vippestol, bæredingsar, smokker og liknande er ikkje basis-utstyr etter mi meining. Det betyr ikkje at det ikkje er kjekt å ha, men du må på ingen som helst måte ha det, og som regel går det heilt fint å vente til verda har stabilisert seg bittelitt før du eller ein annan person i husstanden anskaffer det.

Planlegg som om du har ein skrikerunge som vil ha mat annakvar time og skrik halvanna time mellom kvart måltid. Då er ikkje ein tur på HM for å supplere dei 4 bodyane han har gulpa ned sidan du definerte dagen til å starte for omtrent 6 timar sidan noko du har lyst til.

Ulltøy er fint og flott til oktoberbaby, men gulp er gulp - det lukter surt anten det er på ull eller bomull, sog då må det vaskast. (Tiss, derimot, blir nøytralisert av lanolinen i ulla.)

Ammeinnlegg i ull kan fint brukast rett mot huden, men dei bør vaskast og kokast ofte (morsmjølk blir også sur) - feks dagleg. Vask i ullsåpe, skyll godt, kok opp i gryte med kaldt vatn, la avkjøle i gryta.

Lån gjerne av nokon du kjenner som ligg litt foran deg i løypa. Då kan du kjøpe nokre få av akkurat det pene du vil sjølv, og ha masse klær til storgulperen lell. Det er ikkje ein gong naudsynt å pakke ut alle låneklærne, ta ut det du liker best, og pakk resten godt merka i tilfelle du treng det.

Generelt så er det mykje greiare med "alt" utstyr om det er lånt, då kan du teste om det funker og evt kjøpe nytt om du vil ha det sjølv (eller til neste unge). Vi lånte vippestolar sist, og denne gongen kjøper vi to, for eksempel Bæredingsar har vi omtrent fire av no, mot ein sist - den eine vi hadde likte eg ikkje (Mannen, derimot), men så fekk eg låne noko anna og vart frelst.

Gulpeklutar får du på Rema og sikkert alle andre liknande butikkar, så det er berre å kjøpe 10-15 stk i første omgang og supplere om det blir vanskeleg å halde tritt med vaskemaskina. Det er ikkje som at småbarn aldri blir klissete på fingrene, så dei kan brukast lenge.

Tøybleier treng du fortvekk drøyt 20 eller meir av til nyfødt, avhengig av kor store (dvs hyppige) bæsjebleier småen har. Viss du går for lommebleier eller alt-i-eitt så går det kanskje rundt 16 i vaskemaskina, så då må du ha bleier nok til å bruke mens du tørker ein vask (eller vaske oftare). Brettebleier tek mindre plass i maskina og tørker fortare, i tillegg til at ullbukser ikkje treng vaskast like ofte (så du treng færre og dei fyller ikkje opp maskina), men terskelen for bruk er kanskje høgare, spesielt i starten. Eg anbefaler uansett at de har ein pakke med eingongs nyfødtbleier (3-6 kg går nok greitt) med tanke på skrikarungen som i tillegg til å spise annakvar time og skrike resten av tida OGSÅ får tid til å bæsje rett før og etter kvart måltid. (Ikkje at éin pakke held så lenge då, men de treng iallfall ikkje vaske bleier same kveld som de kjem heim frå sjukehuset.)

Vi hadde ein eksemplarisk unge som sov heile natta frå uanstendig tidleg alder, og byrja bruke tøybleier då ho var rundt halvanna veke og vi hadde gløymd at det var Skjærtorsdag då det vart tomt for bleier (Brustadbua 3 km unna hadde ikkje rett størrelse heller.) Denne gongen starter vi nok tidlegare, men det står eit par pakkar eingongsbleier på badet både til Toern og søstra, vi MÅ jo ikkje vaske bleier viss det er andre ting vi heller vil konsentrere oss om.

naima er ikke aktiv   Svar med sitat