Sv: Skjerme for innsyn til terrasse
Vi har og innsynsproblematikk, så eg abonnerer på tråden.
Viss du vurderer bambus, må du gjere grundig grunnarbeid, for bambus skyt frå røtene og sprer seg (bokstaveleg talt) som ugras! Dei vi kjøpte huset av, hadde planta ein levegg av bambus, som fekk vekse ganske fritt, og det blir nesten som skog. Etter fem år med luking, inkludert å grave opp bambusskogen med gravemaskin, plukke røter, legge på 25 cm. jord og plante plen oppå, kjem det framleis nye skudd. Så nå er strategien å kvele skudd med plenklippar. :bambus-angst:
|