Sv: Huggorm!
1) Sett huggorm i år? (x antall, hvor i Norge, hva slags terreng)
Nei, men eg har sett ein 8-10 stk i mitt litt over 40-årige liv. Både som barn når vi gjekk til fjells, og også på jobb, sidan eg har traska ein del i myrer, skogar og fjell i samband med oppdrag.
2) Kjenner noen som har blitt bitt av huggorm, i år eller tidligere år?
Eg kjenner kun to som er blitt betne. 1) Kollega. Han blei dårlig ut på kvelden, og tok kontakt med lege. Merka at han hadde eit lite sår ved leggen som svei. Han merka ikkje at han blei bitt. 2) Veninne av mi mor på bærtur. Blei stukken i handa.
3) Blitt bitt selv? (utdyp...)
Nei. Men eg er blitt flaska opp på "Vokt Deg For Ormen". Eg har alltid høge støvlar/fjellsko, trampar og stampar, rotar i buskar og brukar augene godt.
4) Er du litt redd?
Absolutt ingen angst, men ja, eg er litt redd. I den forstand at eg skvett når eg ser ein orm, og hjertet slår raskare. Men eg spring ikkje bort, og syns det er facinerande å sjå ormen.
Kuriosa: har høyrt at dei fleste bitt kjem av a)bærplukking, b) jentetissing bak buskar.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|