Sv: Vond lukt på bad
Vi hadde fukt og mugg på badet då vi overtok huset. Vi hadde riktignok kjøpt eit gammalt oppussingsobjekt, så badet skulle rivast og vi såg muggen i fugene på visning og det stod i takstpapira, så det kom ikkje som noko overrasking. Men det er lite kjekt, viss du ikkje er innstild på det.
Har du lagt merke til om det er verre når du akkurat har dusja eller brukt mykje fuktigheit på badet? La det stå og tørke eit par dagar (få heile familien til å dusje i morgon, slik at det kan stå til torsdag, for eksempel, utan at dusjen blir brukt) og prøv å legg merke til om lukta blir mindre, når det ikkje er fukt og vatndamp der inne.
|