Vis enkelt innlegg
Gammel 25-08-12, 00:05   #43
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.518
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: a-endelser, når er det lov?

Opprinnelig lagt inn av gajamor, her.

Men kva skal språket, og då særskilt nynorsken, vere? Firkanta regelrytteri, eller levande kommunikasjon? Ved å stille opp store barrierer mellom det munnlege og skrivne språket, slik at til og med dei gode skribentane må sitte med ordbok, fjernar ein gleda ved å bruke den målforma som ligg nærast talespråket sitt. Eg syns ofte det er lettare å skrive bokmål, fordi at då må eg uansett omsette dei aller fleste orda. Når eg skriv nynorsk kan eg skrive 99 % rett fram slik eg talar, men eg sit likevel og er usikker, fordi den eine prosenten alltid kjem overraskande på meg. Som tidlegare nemnt går det ofte på kjønn, men eg har og ein del anakronismer i talemålet som eg ikkje lengre har lov til å skrive.

(I arbeidstida må eg halde meg til norma, på fritida gjer eg som eg vil.)

Det er akkurat det som er begrunninga mi, for å bruke an-be-het-else-orda, for eksempel. Og eg synest språket skal vere fleksibelt og ha kommunikasjon som det primære målet. Men nå spurte jo HI veldig konkret etter rettskrivingsreglane, og då er det jo normene som blir etterlyst.

Eg endte forresten opp med å skrive masteroppgåva mi på bokmål, nettopp av den grunn du skisserer, så eg skjønner godt kva du meiner.

Opprinnelig lagt inn av Skilpadda, her.

Ja, det vet jeg, altså. Jeg mente å si at Toffskij sa at det er ganske vanlig blant folk som snakker østnorsk å skrive en jente, jenta. Hvis jeg skjønte henne riktig i kommentarene her: http://www.foreldreportalen.no/forum/blog.php?b=20201

Det var eit interessant kommentarfelt. Det stemmer sikkert at det er vanleg å blande desse to munnleg. Men er det verkeleg vanleg å skrive det?

nokon er ikke aktiv   Svar med sitat