Sv: Redebygging: Kva _treng_ ein til første barn?
Kva erfaringer har folk med pose til vogn?
Mi farmor har sagt at vi skal kjøpe oss ein skinnpose og sende rekninga til henne. Men det må vere skinn fordi "når eg er i kyrkja, ser eg at dei har posar i desse nyare syntetiske stoffene i vognene for tida...blablabla... brannfarleg ....blablabla ...puster ikkje, ja veit du, farfar kjøpte ei trøye i sånn kunststoff, og då han svetta i den fekk han utslett.... blablabla.... puttte små ungar i slike syntetiske posar ...blablabla.." (skal lesast utan å trekke pusten). Så det skal vere skinn.
Denne frå Nøstebarn er den einaste eg finn som ikkje har ytterlag i eit syntetisk stoff:http://nostebarn.no/produkt/Barneuts...kifergra-cord/. Men denne kan ikkje åpnast. Det er vel litt upraktisk? Viss ein kjem inn frå kald vinter og ungen søv, er det vel vanskeleg å ikkje vekke ungen, viss han skal ut frå posen?
Eg forestiller meg at denne, http://www.lilleprinsen.no/product/4...kinnspose.html kor ein kan ta av "lokket" med glidelås, er mykje meir praktisk, når ein går inn og ut ulike plassar. Men den har jo dette ytterlaget som er syntetisk.
Er det nokon som veit om ein modell som ikkje er syntetisk, men som likevel kan åpnast?
|