Sv: Om du dropper venner - gir du beskjed/en begrunnelse?
To gonger har eg "droppa" venner heilt, i begge tilfella var det relativt perifere venner. I det eine tilfellet sa eg klart frå kva det var eg hadde problem med å forhalde meg til, i eit forsøk på å ordne opp, men eg opplevde ikkje at det blei forstått. I det andre tilfellet blei eg lei av ubegrunna anklager og underlege misforståingar og slutta meir eller mindre bare å ta kontakt. Begge tilfellene var som sagt perifere venner, som eg "klarte meg fint utan".
Når det gjeld nærare venner har eg fleire forhold kor eg ikkje har like god og nær kontakt nå som før. Det skuldest i hovudsak at eg ikkje er så flink til å halde kontakt med folk over telefon, når vi bur på ulik kant av landet, og at flytting gjerne har ført til at relasjonar fader ut. Men det blir vel litt utføre tema for tråden, når det viser seg at vi har like god kontakt når vi ein sjeldan gong møtest, likevel.
|