Eg har hatt to frisører i mitt liv. Den første hadde eg frå tiårsalder til for ti år sidan. Da bytta eg til ei ny som eg har vore veldig fornøgd med men som eg må bestille time to måneder i forveien for å sleppe ta fri frå jobb for å bruke. Så i dag bytta eg tilbake tll min gamle og skal til henne på tirsdag. Og eg føle meg skikkelig frynsete. Vil ho gamle syns det er fint eg er tilbake? Seier eg noko i det heile tatt eller berre deise eg opp i stolen og late som eg var der for seks veker sida? Og kva skal eg seie om eg møter ho nyaste frisøren min? Og eg kan eg i det heile tatt gå inn på den gamle, nye salongen og kjøpe sminke? Tenker frisører på slikt i det heile tatt? Og ja, eg veit eg er teit, men er eg aleine? Eg er forøvrig en svært god kunde som legg igjen et par tusen kvar 6/8 veke så eg satse på at ho er glad for å få meg tilbake.