Sv: Arv av barnesko
Lillesøster arver ein del sko av storesøster, men mest finsko, sandaler og sånn. Storesøster går joggesko i filler, og får nye fleire gongar gjennom sesongen fordi dei rett og slett faller frå kvarandre. Vinterskoene er derimot lika fine etter ein sesong, og ein kan knapt sjå at dei er brukt.
Lillesøster derimot har sko som er like fine etter å ha trakka rundt i dei i eit halvt år.
Litt rart i grunn, for når det kjem til klær er dei stikk motsatt. Storesøster sine klær er heilt fine etter lang tids bruk, mens lillesøster sine klær har ein omløpshastighet som ville fasinert ein rallyførar.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|