Vis enkelt innlegg
Gammel 10-01-13, 10:46   #3
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: Vel ... i lys av Marte Krogh

Vi har vaskehjelp, og trur vi held fram med det i nokre år fordi det er ein av tinga det er greitt å sleppe bruke kvelden på når vi har baby som ikkje vil sove så mykje om kvelden, og som er baby slik at det å få to timar til å vaske huset kvar laurdag er noko som ikkje er så lett å få gjort utan avbrekk. Når ungane blir større får vi sjå om vi prioriterer annleis.

Trening er nedprioritert no, men eg ser at eg fint kan få tid til litt meir viss eg tek meg saman og ikkje synk saman i godstolen med PCen i fanget om kvelden.... mulig eg bestemmer meg for å berre GJERE det, gå ein tur eller noko eit par kveldar i veka. Det føles hyggelegare å bruke ein time på å gå tur enn å bruke ein time på å vaske golv Og så ammer eg, det brenn jo litt det også, sjølv om kondisen ikkje akkurat blir betre av det.

naima er ikke aktiv   Svar med sitat