Sv: Samtale på Posten
Eg er ganske sikker på at posten er ein verna bedrift. Like før jul, fekk eg eit brev frå banken med ny kodebrikke. Den var sjølvsagt rekomandert. Dagen før vi skulle reise på juleferie, drog eg innom postkontoret. Før eg drog heimefrå, sjekka eg kva legitimasjon som var gyldig og på baksida av hentelappen stod det "førerkort, bankkort, postens id, blablabla...". Då eg kom til postkontoret insisterte han som jobba der på at det kun kunne utleverast mot pass! Eg viste kva som stod på utleveringsblanketten. Men det hjelpte ikkje, for på brevet (som eg ikkje fekk sjå), stod det "Husk pass!". Eg prøvde så godt eg kunne å forklare at det er ikkje normalt å gå rundt med pass og at det ikkje stod på lappen eg hadde fått. Det at det stod anna informasjon enn det eg hadde fått utlevert, på brevet eg ikkje hadde sett, var visst viktigare, det måtte eg jo skjønne. Brevet skulle dessutan returnerast før eg var tilbake frå ferie og han i skranken hadde ikkje myndigheit til å utsette utleveringa. Enden på visa blei at eg måtte snakke med sjefen hans, og få lov til å la pakken ligge i hylla på postkontoret til eg var tilbake frå ferie, under tvil. Og eg var veldig heldig, for slikt gjorde dei normalt ikkje.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|