Sv: Vil historia gjenta seg sjølv?
Eg blir skremt. Både av det som er i media for tida, men også når eg snakkar med folk. Krigen er fjernt for mange, og eg trur faktisk ikkje folk har lært. For mange, særleg unge, er krigen, og alt som skjedde, noko som er på film og i bøker. Det er underhaldning, og det finnes dei som ikkje tenkjer over at det faktisk har skjedd. Det er ikkje ein god manusforfattar som står bak, gamle filmar er ikkje full av skodespelarar. Det er verkelege mennesker som vart forfulgt, sperra inne og behandla verre enn dyr. Og det kun pga religion og meiningar.
Eg tenkjer også at me har det godt i Noreg, kanskje litt for godt. Me er skåna for det som no skjer sørover i Europa. Noreg går som det susar, økonomien veks og lønningane vert høgare og høgare. Likevel er folk misfornøgd. Mykje vil ha meir, og fanden vil ha fleir.
Og det er ikkje snakk om å hjelpa dei som treng det, dei får klara seg sjølv.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|