Erfaring med Dollar?
Altså bilutleigeselskapet Dollar, ikkje pengane. Vi skal til USA og treng bil. Dollar har gode tilbod på bilar, men eg er litt skeptisk til selskapet, av ein eller annan grunn. Forsøk på å google litt rundt viser ein del misfornøgde kunder, men eg er usikker på kor seriøs den kommentarsida eg fann eigentleg var, sidan alle selskap fekk like mykje tyn og ein del av kommentarane var tydelegvis feil. (Av type "Shuttle frå flyplass til utleigekontor går berre kvar 40 minutt", medan flyplassinfo seier at det ikkje er behov for shuttle i det heile tatt, sidan kontora ligg på flyplassen.)
Vi skal forresten plukke opp bil på flyplassen i Tampa, så om det er nokon som har tips om kva selskap som er lettast tilgjengeleg og best å bruke akkurat der (med levering i Orlando), er eg takknemleg for tips om det også.
|