Vis enkelt innlegg
Gammel 16-05-13, 12:10   #43
Simone
Bør lage seg en tittel selv
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 2.831
Simone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Tilhørighet og bunad, er det regler på dette?

Eg er stolt av å komme frå den plassen der eg vokste opp, så for meg er det viktig å velge den bunaden som høyrer til der. Då viser eg kor eg er frå når eg har den på, og eg syns alltid det er litt stas når eg ser andre i 17.mai-toget med bunad frå samme plass sidan eg no bur eit godt stykke frå der eg vokste opp. Men den er absolutt ikkje den finaste bunaden her i landet, så det er nok ikkje ein bunad som veldig mange velger uten å ha tilknytning til plassen.

For meg ville det vere rart å velge bunad til barnet mitt frå ein plass der oldemora var født utan at eg sjølv hadde tilknytning til plassen. Særlig viss resten av familien heller ikkje har bunad frå den plassen.
Når mine barn skal ha bunad om nokre år tenker eg at dei skal få velge mellom bunaden frå min heimplass, Nordhordaland(pappaen sin familie har denne og har budd i Nordhordaland i fleire generasjonar) eller Bergensdrakt sidan dei er født og oppvokst i Bergen. Mi mor (altså mormor til barna), kjem frå Finnmark, men eg syns ikkje det er naturlig at mine barn har Finnmarksbunad sidan mormor ikkje har budd der sidan ho var 15. Og så er den ganske kjedelig

Men dette er berre mi personlige meining om min bunad og mine barns bunad ein gang i framtida.
Bunad er fryktelig dyrt, så eg skjønner at folk vil ha ein dei syns er fin når dei først skal legge ut så mykje pengar. Eg syns Romsdalsbunaden er fin, men herrevarianten av sunnmørsbunaden er endå finare enn Romsdalsbunad. Eg syns det blir litt voldsomt med den rutete vesten på Romsdalsbunaden.

__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Simone er ikke aktiv   Svar med sitat