Vis enkelt innlegg
Gammel 03-05-07, 21:36   #2
Fadese
Originala
 
Fadese sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2006
Innlegg: 6.457
Blogginnlegg: 14
Fadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme omFadese har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Trenger tips: Dikt i vielse

Å eiga

Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje?
Når to møtes
i hug og hold
og kjenner seg eitt
so ikkje anna er te –
kjenner seg eitt
i eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot
som fer som kornmod
ivi blømande engjir –
kjenner seg eitt
i det ein aller nevner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.

Når to hev møtt einannan
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkar enn alt
og veikar enn alt,
skjønna berget, so hardt det er,
skjønna blomen, so mjuk han er –
Og stend eismalle att.
Er ein då eismall?
Er ikkje då det alndre men’skje med
i kvar røsle ein gjer?
Ja, kan ein då noko sinn bli eismall att?

Når to gjev seg til kvarandre,
og dei stend eismalle att
kjem det ein stri
i hugen,
i holdet,
om det å eiga
og det å vera fri.

For enno er men’skje bundne
og veil ikkje kva dei sei
når dei kviskrar til kvarandre:
og elskar deg.


Fyrst dei hev sagt ordet
rymer dei
som for ein brand dei hev sett på.

Fyrst når to men’skje kan sei til kvarandre:
gå der du vil,
du er du!
Gjer det du vil,
eg er eg –

Men eg ser vegen din
og eg lyder etter fotefari dine
og eg kjenner din vilje
strøyme gjennom blodet
i javne, rolege pulsslag –

Fyrst då kan to men’skje eiga kvarandre




Aslaug Vaa



Lærdom


Å elska
er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annen veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner
kjærlieken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtest
sjeldan.

Snakk heller
om å gå til fots
gjennom ti tusen kvardagar
og alri halde opp
med å vera den rette.

Å elska
er å tenna lys
og tørka tårer,
natt og dag.

Alf A. Sæther

Fadese er ikke aktiv   Svar med sitat