Sy-spørsmål; lodd i bunnfald for gardiner
Eg har tynne gardiner i ein vinterhage, og skulle gjerne hatt lodd nede, slik at dei ikkje blåste ut av døra heile tida. Trur gardinene ville henge finare også. Eg kan sjølvsagt bruke vanlige lodd som er laga for dukar, men eg hugsar å ha hatt tynne remser av små metallkuler som ein kunne legge nede i bunnfalden.
Er det nokon som veit kva eg snakkar om, og kor eg kan få tak i det? Har prøvd å søke på Panduro, utan å finne. Eg er ikkje spesielt kjent i sy-verden, så om nokon har link til sy-butikkar på nett så tar eg gjerne imot tips på dette også.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|