Vis enkelt innlegg
Gammel 15-10-13, 14:06   #2
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Vis meg kjøkkenet ditt

Her var det eg fant som var på maskina. Litt preg av at f.eks det eine bildet egentlig er av ein gjespande katt, men du ser i alle fall rekka av benkeskap som vi er veldig godt fornøgd med. Kjøkenet vårt er stort, 34 kvadrat, men er eit allrom som blir brukt heile tida. Ungane gjer lekser her, alle hobbytinga er på kjøkkenet - her har vi også skuffer til rekningar, papir, skulesaker etc. Dei kvite skapa er frå IKEA. Dei grøne er frå Norema, men vi fekk dei lakka i den fargen hos billakkeringsfirma.

Eg er svært nøgd med valet av IKEA. Benkeplata er billig ikea-laminat, som vi også er fornøgd med. Ein gong tar vi oss kanskje råd til noko flott corian eller liknande, men ikkje no. Derfor er vaskane ikkje planlimt.

Vi har altså to vaskar - ein stor kum ved veggen, og ein mindre kum i halvøya, ved ovnen. Eg brukar den minste under matlaging (eg er kokken og den som rotar), han brukar den store til å vaske og grisle og holde på (han er vaskaren og organisatoren). Kvitevarer er stort sett Siemens. Vi har opptrekk - elsøyler to plasser i halvøya - den blir brukt mykje. Ventilator frå rørosmetall (Cilindra).

__________________
Jente 2003 og gut 2005

Sist redigert av Syrin : 19-10-13 kl 22:22.
Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat