Smultringar
Eg har litt lyst å lage smultringar til jul i år (ikkje enda da), men har aldri gjort det før. Heimelaga smultringar er jo det beste som finst, og var standard julekake i min barndom
Det å lage smultringar da eg var barn var ein alvorlig sak, som eg ikkje fekk vere med på, på grunn av varmen. Derimot blei min far, som sjeldan var på kjøkkenet, tilkalla, og sto for steikinga medan mor mi trilla.
Er det ein fordel å ha ei frityrgryte f.eks? Eg ser ein kan få ei veldig billig ei på Ellos til 300 kr. Eller er det like greit å bruke ei vanlig gryte? Bør det vere ei jernpanne?
(og så legg eg inn søkeordet " smultringer " her også, så boksmålssøk får treff i tråden )
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|