Gløym alt du har lest i alle tabloide avisar eller magasin. Gløym alle "ti måtar å gjere lykke på julebordet"-listar. Gløym alle idear om korleis du skal kle deg, sminke deg, kva du skal prate om. Det er så mykje enklare enn det! Eg har oppskrifta. 1. Kjøp ein pickupbil. (Jau, eg er svært nøgd med pun-et i overskrifta. ) Han kan gjerne være både gamal og bulkete. 2. Køyr bilen i Oslo sentrum. 3. Lukeparker, og få ein perfekt parkering på første forsøk. 4. Hopp ut av bilen, (høge hæler gir ein ekstra effekt her), og smil overbærande til gruppa med menn som står på fortauet (kva no enn "fortau" heiter på nynorsk aner eg ikkje), med slike ansiktsuttrykk ---> . For 100 % garantert effekt - ha med deg ein stor, livlig hund.