Sv: Kommunikasjon med skulen
Det høyrer vel med at vår skule har ikkje kontorpersonale. Der er kun lærarar, rektor og reingjeringspersonale. Og rektor gjer sjølvsagt andre ting enn berre å sitte på kontoret, så derfor er det vanskeleg å nå fram på telefon.
Mamaria: så rart at dei ikkje vil ha personlige ting på epost, kun i meldebok. Eg tenker at det må da vere tryggare på epost enn i ei meldebok i ein barnesekk...
Vår skule sender aldri ut sms eller epost. Alt blir formidla som nedkrølla, våte lappar nede i sekken Greit nok, men eg reagerte på at kommuen sitt varsel om auka SFO-prisar blei sendt som ein knurva lapp. Mange foreldre fekk ikkje beskjeden.
Edit: hos oss får vi ikkje utdelt telefonnummer til andre foreldre, fordi dette ikkje er lov å gi ut utan samtykke. Det er i alle fall det vi har fått beskjed om.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|