Valentingave til menn
Nokon som har eit godt tips til ein Valentinspresang som ein voksen mann vil bli glad for?
Eigentlig syns eg heile greia er littt tullete og har difor ikkje kjøpt noko til min mann på årevis, men han har kjøpt blomster og konfekt til meg i alle år. Av og til ring/smykke og liknande også. For ei stund sidan kom det opp at han var skuffa over at eg aldri gir noko tilbake, så i år tenker eg at eg bør gjere eit eller anna ut av det.
Men kva?
Eg tenkte på date med middag på fin restaurant, men no har plutselig barnevakta(svigermor) reist på sydenferie, så det utgår.
Og så syns eg det blir litt teit om eg hermer etter han og kjøper blomster og hjerte-konfekt.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|