Vis enkelt innlegg
Gammel 07-03-14, 17:55   #11
gajamor
Travelt opptatt
 
gajamor sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 6.876
Blogginnlegg: 3
gajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtid
Standard

Sv: «Samfunnet forventer det perfekte, og at vi fjerner barn som er annerledes»

Sikkert fin teoretisk diskusjon, men det einaste som betyr noko her er kva som faktisk blir gjort. Og så lenge hjelpestønaden er peanøtter, omsorgslønna er ein spøk, og ein må slåss mot alle statlege og kommunale instansar for kvar minste detalj, så bryr eg meg søtten om menneskeverd. Hadde eg blitt gravid no, hadde eg definitivt tatt abort berre det var ein liten sjanse for downs e.l. Hjelpesystemet i Noreg er vesentleg betre enn i dei fleste andre land, men ikkje godt nok til at eg hadde orka å ta meg av fleire funksjonshemma born. Det er ein svært tung jobb, og den blir slett ikkje verdsett.

Og framtida til ungane er enda ei utfordring. Utdanninga blir ein kamp, arbeid blir ein kamp, tilrettelegging i samfunnet blir ein kamp.

Lippestad seier mykje klokt, men løysinga på problemet er ikkje store ord om menneskeverd. Gjennomfør målsettinga om universell utforming, og gi foreldre den oppbakkinga dei treng. Handling er det som betyr noko, og det kjem faktisk til å koste pengar.

__________________
Litjtausa 06. Lille skatt 07
gajamor er aktiv nå   Svar med sitat