Sv: Billig og bra presskanne (og kvern) ønskes
Eg bruker aeropress til dagleg og presskanne viss eg skal lage til fleire enn meg. Eg synest ikkje det er mykje arbeid med filteret og reingjering, eg skyller bare alle delene i kaldt vatn. Vi fekk presskanne og til jul, fordi vi trengde noko å lage litt større mengder kaffe, når vi har gjester. Eg foretrekk å lage enkeltkoppar med frisk kaffe og bruker ferdig malt kaffe til aeropress.
Uansett om du bruker Bodum og Stelton eller IKEA-presskanne eller Eva Solo-kanna, mi "oppskrift" på god kaffe er å ikkje helle kokande vatn over kaffen. Når vatnet koker frigjer det ein del bitre stoff i kaffen. Eg venter to-tre minutt, til vatne er nede i 90 grader og har slutta å boble. Blandingsforhold kaffe/vatn står ofte på pakken. Eg pleier foretrekke fair trade-kaffen til Löfbergs, den skal ha 60 gram pr. liter vatn. Det siste suksesskriteriet mitt for å unngå sur kaffe, er å helle kaffen over i noko anna, etter at eg har tatt ned stempelet. Kaffen skal trekke i 5 min. Ikkje meir. Viss han blir ståande lenge på kanna, blir han beisk. Derfor skjønner eg ikkje heilt denne Eva Solo-kanna. Her blir kaffen ståande å trekke altfor lenge. Eg heller over i kopp/ kanne, når eg har trykka ned stempelet.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|