Sv: Hvor mye spiser en 10-/11-åring?
Min 9,5 åring har vore veldig småspist, men det kjem seg veldig no. Han er frykteleg glad i rå grønnsaker og frukt, så han kan ete mengder av gulrot, småtomatar, oliven, vannmelon, appelsiner o.l. om han får tilgang på det. Han likar absolutt ikkje brød med pålegg, så vi dekker behovet for korn gjennom ostesmørbrød av grovt brød, grov pizzabotn og havregryn med melk til frukost/kvelds. Han trenar 6-7 timar i veka.
Eg synest ho et veldig lite om dette er ein gjennomsnittleg dag og over tid. I alle fall når ho er så aktiv. Min kan også ha korte perioder der han et ca det du skisserer, men han har alltid eteperioder der han "fyller næringslagera" mellom kvar gong.
Mitt tips er å ha framme skåler med frukt, grønnsaker og ting som knasar og er enkelt å snackse på i andre settingar enn måltid. T.d. medan ho gjer lekser. Om ho har spist så lite over tid kan det faktisk vere vanskeleg å venne seg til kjensla av å ha mat i magen.
|