Sv: All inclusive - hva tenker du?
Opprinnelig lagt inn av Avatar, her.
Hm. Da lurer jeg o grunn på om andre muligheter er sjekket ut? Uansett hvordan vi reiser hadde vi aldri kommet bedre ut av det på AI.
Det kjem jo veldig an på kor du reiser og om du tilbereder middag og lunsj sjølv eller går på restaurant.
For to år sidan var vi på Mallorca. Vi hadde all inclusive og familien på fem vi reiste saman med hadde det ikkje. Dei kjøpte inn brød og pålegg og tilberedte frokost sjølv kvar dag. Lunsj var av og til heimelaga matpakke, andre dagar restaurant-mat. Middag blei alltid spist på restaurant, gjerne med dessert. Ein skal jo kose seg litt på ferie! I tillegg gjekk det ein del pengar til is og drikke mellom måltida. Etter at dei kom heim summerte dei opp alt sammen i nettbanken og kom til ein langt høgare sum enn det vår like store familie hadde betalt for all inclusive. Så neste gang har dei tenkt å prøve all inclusive i staden for.
Mallorca er ein ganske dyr plass, så det er mulig at tilsvarande utrekning i Thailand ville gitt eit heilt anna resultat.
Men dei fleste andre eg kjenner som har prøvd All inclusive i Middelhavs-området seier det samme. Dei sparar faktisk på å ha all inclusive, i alle fall sålenge barna er under 12 år.
I tillegg til sparemomentet er det dette med økonomisk kontroll. Når heile ferien er betalt på forhånd, inklusiv mat og drikke, har du meir kontroll på kor mykje pengar du faktisk brukar på ferien. Det går jo sjølvsagt uansette litt ekstra, men det blir ikkje store beløp. I år har vi ikkje hatt all inclusive-ferie. Vi har hatt bilferie i Norge med diverse overnattingar på hotell og i ferieleiligheiter. Dyrepark-besøk, restaurantbesøk kvar dag, autopass-passeringar osv. Undervegs kjente eg at eg var stressa fordi eg følte at pengane rant ut utan at eg hadde kontroll over kor mykje vi faktisk brukte. Det fant eg først ut av etter at eg hadde komt heim og fekk pusla saman diverse beløp i nettbanken, kredittkort og frå utskrifta frå bomringen. Og eg ser no at 10 dagar på bilferie i Norge blei dyrare enn to veker på Kypros med all inclusive.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|