Sv: All inclusive - hva tenker du?
Eg skjønnar heilt ærlig ikkje kva slags skjulte motiv dåkke snakkar om. Etter mi meining finns det minst to kategoriar blant dei som ikkje benytter seg av AI:
"Eg hatar AI-konseptet, dessuten er det uetisk" og "AI er deilig og avslappande, men eg benytter meg ikkje av det fordi det er uetisk".
Kanskje har vi også "Eg hatar AI-konseptet, men bryr meg ikkje om det er uetisk eller ikkje".
Eg trudde at pøbelsara kanskje var i kategori 1 saman med f.eks Harriet Vane. Då hjelp det ikkje om det blir utvikla etisk korrekte AI-konsept med kortreist mat frå lokalmijøet og lokale ansatte osv. Det vil aldri bli aktuelt som ferieform uansett. Og det er heilt greit! Ingen av oss har vel lyst til å bruke masse pengar og sårt oppsparte feriedagar på ein form for ferie vi ikkje kan fordra. Men det er ingen grunn til å legge skjul på at ein hatar AI av den grunn. Både kategori 1 og kategori 2 er like mykje i mot AI av etiske grunnar.
No viser det seg at pøbelsara kanskje ikkje er i kategori 1, men eg hadde ikkje tvilt på at ho var i mot AI om ho hadde vore det. Eg seier berre at det er enklare å følge sine etiske prinsipp når ein uansett ikkje likar å feriere på den måten.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|