Sv: Jojo Moyes: Me Before You / Et helt halvt år
Opprinnelig lagt inn av Toffskij, her.
Jeg er enig i at norsk litteratur bør gi nordmenn bedre leseropplevelser enn den «burde» fra et rent statistisk «hvor stor andel bøker over en gitt kvalitetsgrense blir skrevet i en gitt populasjon»-perspektiv pga. kulturell nærhet. Men det er fortsatt en veldig liten populasjon.

Det har du heilt rett i. Og det er mykje dårleg som blir gitt ut, altså.
Men eg trur dei norske forlaga undergraver seg sjølv litt, med måten dei marknadsførar eit veldig smalt sjangermessig segment veldig kraftig. Det er breddeunderhaldning, anten i oversett eller norsk versjon, over heile linja. Og så er dei samtidig bekymra for kjøparflykt til amazon. Men dei presenterer knapt bøker for lesarar som er på jakt etter noko meir enn underhaldning. Eg synest for eksempel det er veldig rart at nettbutikkane gir meg tips om Jojo Moyes og Jo Nesbø, når eg aldri har kjøpt ei bok i ein nærliggjande sjanger. Amazon og Kobo gir tips om bøker som samsvarer med lesevanane mine. Og det finst eit veldig stort spekter av god norsk litteratur. Det er ein spennande tendens blant nyare norske forfattarar, som omtrent ikkje blir lesne. Og det er synd at forlaga ser seg så blinde på underhaldningsmaskineriet at dei mister dei lesarane som kan vere interessert i litt smalare litteratur.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|