Sv: Spinoff igjen: Kjenner du noen du mistenker bruker for mye medikamenter?
Opprinnelig lagt inn av Simone, her.
No var det jo ikkje deg eg snakka om, så eg syns ikkje du har grunn til å føle deg truffen her. Eg snakka heller ikkje om fibromyalgi-pasientar generelt. Eg snakka om ein bekjent som eg veit har slitt psykisk tidligare og eg ser heilt klart eit mønster med at behovet for tablettar blir verre når det oppstår ting som gir ekstra psykisk belastning. Derfor tenker eg at det kanskje også kan ligge psykiske årsaker bak smertene. Nobligan kan vel også virke litt "bedøvande" på hjernen og dempe vonde tankar/angst.
Men går det an å sette opp eit absolutt skilje mellom fysisk og psykisk, når det kjem til muskelsmerter då? Og er det eigentleg så relevant kva som eigentleg er kva? Viss ein person har store problemer med spenningshodepine på grunn av feil holdning, spenningar i nakke og skuldre på grunn av psykisk stress, er hodepinen like smertefull og ei like stor påkjenning, som om det ville vore ein nevrologisk årsak til hodepinen. Eg har lese ein god del om forholdet mellom smerter og psyke i det siste, og eg har intrykk av at det på ingen måte er eit absolutt skilje.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|