Sv: Mammakveld (er jeg urimelig)
Det er det merkelegaste eg har høyrdt i konfirmantsamanheng. Vi hadde ein foreldrekveld der vi fekk orientering om kva som skulle skje utover året og sånn generell info, og det var det og akkurat heilt passeleg.
Skal mødrene sitje ein kveld og sy i knappar og sludre om mammarolla, var det det som var tenkt? Kva skal fedrene gjere då? Reparere kyrkjebenkane og snakke om fotball og andre "mannfolktema"? Beklagar altså, eg hadde ikkje møtt opp på noko sånt med ein slik profil. Og kva slags signal sender det til konfirmantane?
|