Sv: Mammakveld (er jeg urimelig)
Opprinnelig lagt inn av Tangerine, her.
Er det nå vi skal oppfordre jentene våre til å besøke guttene like mye som jentene?
Dette har jo litt med personligheten til barnet å gjere også. Eldste går i femte og har like ofte guttar på besøk som jenter. Ho har aldri likt å holde på med typisk jente-aktivitetar, med unntak av perling og fletting av armbånd og sånt. Det er mykje kjekkare å bygge hytte i skogen eller spele Playstation enn å flette hår og danse til Justin Bieber på jenterommet. Det er to-tre guttar som går igjen hos oss, så akkurat dei foreldra kjenner eg godt. Dei bur dessutan i samme borettslag som oss. Reknar med at det snart blir ei endring på det når det blir kjæresteri og pubertet og sånt. Då blir det plutselig veldig flaut å gå på besøk til ein gutt. Nokon kan jo tru at dei er kjærestar! Mellomste er ein heilt anna type. Ho har alltid vore glad i dukker og pynting og dolling og fnising. Ho trivst best saman med jenter, men dei går gjerne og ser på guttane si fotballtrening og fniser litt frå sidelinja. Og flørtar litt. Så ho er jo med guttar, men på eit heilt anna nivå enn storesøstra. For storesøster er guttane vennar medan for lillesøster er dei kjæreste-potensiale. Eg har ingen intensjonar om å presse fram at ho skal gå på besøk til guttane i klassen dersom ho ikkje vil det. Ho går forøvrig på kjønnsblanda handball i SFO-tida, så her har dei heldigvis ikkje delt sånne aktivitetar.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|